Hilsen fra Geir Wiknes

Menighetsbladet trykte en hilsen fra prest Geir Wiknes i nr.1/2018. Her kan du lese den på ny.

Foto: Knut Bosse Holmseth

No er tida komen for at også eg skal seie takk. Takk for meg. Takk for at eg har fått vere prest i Trysil frå forsommaren 2016. Takk for at de lét meg få vere litt sær, og for at alle på kvar sin måte har opna dører for meg på veg inn i ei heilt ny erfaring som prest.

 

Då eg vart ordinert til prest av biskop Solveig Fiske, i Trysil kyrkje 24.juni 2016, var eg ikkje i tvil om at eg ville vere prest. Men korleis eg skulle løyse oppgåva, var framleis eit ope spørsmål. Ikkje visste eg kor viktig du er for å forme meg som prest. For det er viktig å vere prest på premissa til dei menneska ein er prest for. Og samstundes er ein den same som møter både born og gamle, glade og triste, med god tid, eller i farten.

 

Å få vere prest i Trysil, har gjeve meg viktige erfaringar knytt til alle sider ved livet, og mange gonger har eg undrast over korleis vi menneske er både heilt forskjellige og ganske like på same tid. Vi lengtar etter det same, både som unge og vaksne; vi treng å bli sett, tatt på alvor og høyre til i ein flokk, eit fellesskap som inkluderer og respekterer mangfaldet. Vi lét oss engasjere av urett og maktmisbruk, men veit ikkje alltid korleis eller kva vi kan hjelpe til med. Å vere menneske, også i Trysil, er å stå ansikt til ansikt med ei brutal verd og livsvilkår. Men det er også å leve i håp om at vi midt  i alt kan finne strimer av ljos og kjærleik. Det er å tillate seg å le, også når sorga er på det mørkaste. Det er å finne saman i glede og sorg – som lokalsamfunn.

Og det er her, i dei store livshendingane vi oftast har møttest. Og slik håper eg vi vil halde fram: å bære dei nyfødde borna til kyrkje i håp og tru på at fellesskapet gjev oss noko godt. Eg håper par som har funne kjærleiken også i tida som kjem vil gå til heilagstaden sin og seie ja til å leve saman i tillit, respekt og kjærleik. Og når ein av våre kjæraste døyr og skal følgjast det siste stykket til grava, la også dei tunge stundene finne vegen til kyrkja – der er det rom for livet og døden, håpet og trua. Når vi møtest i det heilage rommet blir grensene mellom kvardag og helg viska ut, grensene mellom heilag og allmenn forsvinn, grensene mellom oss og dei bli oppheva.

 

Takk, Trysil, for at de har vist meg tillit, så eg har kunne vera prest hjå dykk denne tida. Til alle eg møter seier eg som sant er: Eg har hatt det fint som prest i Trysil. No går vegen vidare for meg. Eg byrjar som sokneprest i Øyer og Tretten, i Sør-Gudbrandsdal prosti. Om de er i området er de velkomne innom!

 

Beste helsing Geir Wiknes. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"